Hekta Sirdal.
Ert +
Web med bestill & hent funksjon.
Hekta Sirdal.
Hekta er resultatet av to bydamer som fant seg kvar sin bondesøn ifrå Sirdal. Livet på bygda vart nydeleg - men samstundes kunne ein sakna ein kafè med skikkeleg god mat, god kaffi og ein møtestad for lokale og tilreisande. I tillegg hadde dei beggje kreative hender som lengta etter å skapa.
På GP, den 1.juli 2021, møttes dei to på den lokale butikken og drøsa om framtidsplanar. Dette blei starten på eit nydeleg partnerskap og venskap, og 20 månader seinare, den 18.mars 2023 kunne dei opna den stova dei sjølv hadde lengta etter, med rykande fersk og ærleg bakst i eit rom som hedrar den Sirdalske kulturen. Ei stove der folk møter folk og bygd møter by.
No lever me draumen, med verdas beste team i ryggjen og me jobbar framleis mot nye mål. Men mest av alt elskar me å baka og å treffa dei finaste kundane - kvar dag.